Aktuelt fra distriktet |
Mot Høgtinden. Foto: Idar Nilssen. Andøya Meieri - Risøyhamn
|
Tilbake til bygninger | Meieribygningen, slik den framstår i dag. Foto: Idar Nilssen. (Klikk for større bilde). |
Meieribygningen i Risøyhamn beskrives ved hjelp av et klipp fra årboka 2005, der Hermod Solvoll, som selv var knyttet til meieriet gjennom mange år som kontrollassistent, gir en beskrivelse av historien - tilblivelse, drift og nedleggelse som meieri. Bygningen eies i dag av bøndene, og kalles "Bøndenes hus".
|
|
Bygginga av meieriet i Risøyhamn tok til i 1936, og det stod ferdig til å ta imot fløyte den 6. juli 1937. Tomta var gitt gratis av kjøpmann Th. Benjaminsen. Bygginga blei finansiert med eit lån på kr. 15.000 i Dverberg Sparebank og eit statstilskott på kr. 3.000. Meieriet var starta opp i ei oppgangstid som såg rimelig lys ut. Men så kom krigen og dei følgjene som den førte med seg. Det var rimelig klårt at fortsatt levering av fløyte var ei brukande løysing, men produsentane var ikkje nøgde med det. Dei ønska å levere mjølk - noko som let seg gjere etter at kommunikasjonane var blitt betre. Årsmøtet i 1952 gjorde vedtak om at meieriet skulle bygges ut for mottak av mjølk. No var andelstallet auka til 9.000 andelar, og medlemstallet til 446. Etter krigen var det blitt opna 2 mjølkebutikkar på Andenes. Den første tida blei mjølka ført til Andenes på 50-literspann, men etter ei tid kjøpte meieriet kjøletank. På grunn av byggerestriksjonar og finansieringsvanskar kom ikkje bygging i gang før i 1953, og bygget blei først ferdig i 1956. I juli 1989 blei Andøya meieri overført til Sortland, og etter få år var heile meieridrifta i Vesterålen lagt ned - og flytta til Harstad! Styreformenn i Andøya Meieri: Anton P. Medby 1935 - 1947 Gerh. Alpøy 1948 - 1957 Sverre Wollseth 1958 - 1961 Arthur Furfjord 1962 - 1963 Ivar Tollefsen 1964 - 1968 Øyvind Vollan 1969 - 1980 Mikal Spjelkavik 1981 - 1987 Knut J. Enoksen 1988 - 1989 Meieristyrarar: Ivan Nicolaisen 1937 - 1945 Sverre Fyhn 1945 - 1950 Jostein Nilssen 1950 - 1968 Sigmund Bøe 1968 - 1987 Henry Karoliussen 1987 - 1989 |
|
Tilbake til bygninger Tilbake til startsiden Andre bygninger i Andøy>> Strandland skole (Fotografier) Åknes skole (Fotogalleri) Gammelskolen - Medby (Fotogalleri) Slippen til Haakon Aronsen - Risøyhamn U.L. Lyngblomen - Ungdomshuset på Åse (Fotogalleri) Stave skole (Fotogalleri) Nordmela skole (Fotogalleri) Drengstua på Klokkergården på Dverberg Dverberg kommunehus Dverberg samfunnshus Bjørkely Cafè & Pensjonat i Risøyhamn "Stabburet" ved Gammelgården i Risøyhamn Soltun skole - Gavlen (Fotografier) Risøyhamn skole - Risøyhamn (Fotografier) Hussamlingen "Veita" på Andenes
|