Aktuelt fra distriktet

Tilbake til Andoy

Fra Nøssdalsvatnet. Foto: Idar Nilssen.

Litt om gammalt og nytt fra Nordmela

av Ragnar Johansen

 

   

Ragnar Johansen ble født på Nordmela 15. april 1909. Han ble rammet av tuberkulose i ung alder og lå mye på sykehus i Harstad. Han begynte òg på skole i Harstad, men ble dårlig igjen. Han rodde fiske og fikk etter hvert egen båt, men senskadene av sykdom tvang han på land. der han ble bibliotekar og vaktmester på Nordmela skole. Han døde 9. oktober 1983. Foto utlånt av barnebarnet Randi Strand.

 

 

 

 

 

Den 21. juli 1980 avsluttet han en beretning kalt "Litt om gammalt og nytt fra Nordmela". Den gir innblikk i en svært interessant fortid rundt Nordmela-området. Man får òg oversikt over den "moderne" bruken av- og bosetningen i Børvågen. Han opplyser at han her har med retting av feil i tilsvarende beretninger han har laget tidligere. Fortellingen avspeiler grundighet og nøyaktighet hos forfatteren.

 

En fyldig navneliste med oversikt over innbyggere tilbake til 1521 er ikke tatt med her, men navnene vil komme fram i det bindet av bygdeboka som kom ut i  2008).

Tilbake til oversikten  
Tilbake til Andoy

Litt om gammalt og nytt fra Nordmela

Nordmela ligg på vestsida omlag midt på Andøya - rett ut mot storhavet.

Grensene er kort desse: I nordaust går grensa mot Skogvoll, i søraust mot Skavdalen og Åbergsjord, i sør mot Middagsfjell og i sørvest mot Nøss.

Vi skal forsøke å gå opp grensene: Frå Lambersøya går grensa mot Skogvoll i tilnærma søraustleg retning oppover myra austom Fugletjønna (Faultjønna), over Bonsraet, vidare over myr til Bjerkedalselva. Her bøyer grensa mot SV, over elva og i samme retning ovanfor Skiellraet med grense mot Skavdalen til Steinsvasselva omlag 600 meter frå Steinsvatnet, Vidare til vatnet er elva grense. 170 meter frå vatnet og fram til elveosen er grensa mot Åbergsjord.

Frå vestsida av vatnet går grensa mot Middagsfjell i retning VtS over Holhalsen og til Melavatnet. Frå Melavatnet er elver og vatn grense til Ørnberget innst i Finnkondalen. Derifrå er høgfjellet grense mot Nøss til Børtinden, ned sørom Bokkekjerka, over børhella og i havet.

 

Namnet

Namnet har gjennom tidene vore skriven på mange forskjellige måtar. I nyare tid m.a. Nordmele, Nordmjæle og Nordmjele. Det har stått mykje strid om skrivemåten. I talemålet på Andøya og nærområda utanfor har vore sagt Nordmela så langt attover ein kjenner ti1. Eldre mennesker sa ofte Nordmjøla eller berre Mjøla, truleg avleiing frå ordet mjøl. Det er då lite truleg at namnet har noko med mjøl å gjere. Frå 1. april 1971 er gårdsnamnet retta til Nordmela.

 

Vatn og elver

Frå Steinsvatnet renn Steinsvasselva i boge mot nordaust, men stort sett i nordleg retning og ut i havet. Bjerkedalselva kjem frå Bjerkedalen og renn ut i Steinsvasselva. Frå langt innpå Skogvollmyrane kjem Gjertrudelva og renn ut i Nordelva, nerste delen av Steinsvasselva. Laks og aure i dette vassdraget.

Frå innste Finnkondalsvatnet renn Innste Finnkondalselva til ytterste Finnkon­dalsvatnet. Derifrå renn nerste Finnkondalselva til Nøssdalsvatnet. Frå det renn Nøssdaleelva gjennom Nattmålstjønna til Melavatnet. Frå det igjen renn Metaelva i boge mot nordaust, bøyer av vi renn i vestleg retning gjennom Nordmela gården og ut i Åvika. Laks og aure, men røya (her røyr eller rør) er i stort fleirtal.

På nordsida av fjellet er Børvågdalen med Børvågdalsvatnet, Gjennom Børvågbekken har fisken gått mellom vatnet og havet. Ved eit arbeidsuhell tok vatnet vegen ned gjennom open steingrunn, slik at fiskevandringa no er slutt. Var før godt aurevatn. Lenger nord nå myra ligg Litjelandsvatnet, truleg for grunt og kaldt til at fisk kan overleve. Det kan og vere for surt og matfattig.

 

Fjell

Fjella som hører til gården ligg mot sørvest. Det er Finnkondalsfjella Gongaksla på søraustsida i Nøssdalen. Namnet fortel at her gjekk ferdselsvegen over fjellet mellom Nøss og gardane nordanfor. Nøssdalen skjærer godt ned i fjellet og gjer overgangen lettare.

På nordsida av Nøssdalen er Okkelbekken med Okkelbekkheia. Oppå her greiner fjellet  seg med Kinnfjellet mot nordaust og Børra mot nordvest.

Børre er 414 m, over havet på det høgste. Frå den 390 meter høge Børrtinden går fjellet bratt ned i havet.

Sjølvsagt ser vi andre fjell og, men dei hører ikkje til Nordmela.

I sør er Middagsfjellet. Så kjem Roksdalen med veg over til Å, Åberget, Breitinden, Jotinden, Bjerkedalsheia og Okla. På nordsida av Andmyra er Arnipa, Høgtinden, visstnok rettare Svergedalstinden,Stave/Bleiksdalen og Stavefjellet med den 410 meter høge Måtinden bratt ned i havet.

 

Myrer

Frå det oppdyrka området i og nær tettbygginga til yttergrensene er det fleire tusen mål myr med morener eller ra innimellom. Ein stor del av desse myrene er djupe mosemyrer, men der er og mykje godt dyrkingsland. Desse myrene har før helst vore verdsett som torv- eller moltemyrer.

Mellom Melaelva og Nordelva til Hettholen/Steinsvassraet er Hettholmyra. Denne og myra frå Hettholen/Steinsvassraet til grense Åbergsjord/Skavdalen/Skogvoll er utstikkarar frå den store Andmyra mellom Okla og Arnipa. I sørvest har vi Nøssdalsmyra og Kinnfjellmyra på austsida av Kinnfjellet. På vest og nordsida har vi Børrvågmyra og Leirvikmyra, men dei er ikkje store.

 

Strandlina

Strandlina er innskoren i fleire viker og bukter, noen stader med høge bergoddar imellom. Sørst er Børrvågkeila, ei naturleg båthamn når først båtstøene var rydde. Her er kort innsegling frå havet. Børvågleia går inn mellom Børrhella og Vausskjæran. Det går og ei lei inn på nordsida av Vausskjæran, Nordleia, Frå Børvågkeila og om Hemnneset kjem ein til Nordhamna. Her var hamna for større båtar og farty.

Lenger nord kjem vi til Litjelandsbukta. Litjelandsøya løyver godt mot nordvest. Øya er no landfast. Det hende at båtar tok seg inn Litjelandsleia i uver og landa i bukta. Det er segn om at det skal ha budd folk i Litjeland, men det er ikkje merke som sannar det. Ser ein på staden er det då ikkje urimeleg å tru at sagnet kan ha grunnlag.

Nordanfor er Storvika, Leirvika og Hellervika med Oterstokkan, ein gammel fangstplass for oter. Vi skal og ta med Rullesteinvika, ei lita og bratt vik fylt med rullestein i alle storleikar frå stor som ein torskeskolt og nedover. Når tungsjøen dreg opp gjennom vika tek han steinen med seg. Når så sjøen dreg ut igjen, ramlar steinen nedover. Ved slike høve er det mykje bråk av all denne steinen i bevegelse.

Litt lenger fram er Kjerkebergan, og forbi dei er vi komen til Åvika, ei havbukt på vestsida av gården. Stranda inne i bukta er kvit sand oppdelt med bergoddar imellom. Det er Sommarfjøsberget, Mellaberget og Elveberget. Med det får vi og Sørsanden, Mellasanden, Heimsanden og Elvesanden.

Kring 1870 var ein bark sprungen lekk på veg til Arkangelsk. Dei såg sanden i kikkerten, kom oppunder land og fekk los ombord. Barken blei sigla opp på Sørsanden og kondemnert. Folket på Nordmela kjøpte vraket, reiv det sundt og nytta materialene til bruer og hus. Enno finns restar av barken i gamle uthus. Det tjukkaste av mastrene blei kutta opp og seld som åkerrullar, og dei var både tjukke og tunge. Desverre er både namn og heimstad for „barken" glømd.

Ved enden av Fluesanden renn Melaelva ut. På nordsida av elva er og eit Elveberget, og på nordsida av dette er Nattmålsvika. Det er ikkje landingsplass der. Rundt Neset kjem vi til Jektevika. I si tid var det jekt på Nordmela, og namnet kan tyde på at det kan ha vore jekteoppsett i vika. Det har elles vore vanleg å lande der med båtar som kom frå holmar og øyar med høyfarm. Det kunne stå fleire slike båtar der på ei tid.

Det har og vore stengd sild i Jektevika.

Keilskaftet stikk ut mellom Jektevika og Keila på nordsida, i Keila er ei lita sidevik, Ongulsvika, vidare inn forbi Skjåberget og til den vanlege landingsplassen med båtstøer, sjøhus, naust og brygger eller fiskebruk. Vidare over Leira, ein val som fell tørr, kjem ein til Nordhamna som er hamna idag. Frå gammelt av var Keila båthamn. Nordhamna var fartyhamna, inni hamna er Varholmen, no vegfast med land. Herfå er eit stort grunnområde, ei utleira som fell tørr langt utover, og ein kjem til Storøya og Lambersøya ved Skogvollskillet.

 

Øyer, holmar og skjær

Lambersøya, Storøya og lenger ut Eggøya er grasvoksne og bytta ut i slåtteteiger. På Eggøya er gammel gravplass med steinsette graver. På høgste øya er reist ein høg stein - bauta. Det er ikkje funne innskrift på steinen. Dei fleste gravene, trulig alle, har i si tid vore opna og røva.

Nordmela har fredlyst Egg- og dunvær. Mesteparten av egga finn ein på Eggøya, Akstraskjæret, Svartskjæret og tre Kvitholmer er eit eller to par måsar og noen teietaper på kvar. På Skarveklakken har vore og er skarv og stormåse. For noen år sia kom det havsule dit, bygde reir og la egg. For ikkje å uroe denne vakre og skjeldsynte fuglen blei Skarveklakken freda for eggleiting. Resultatet blei betre enn venta. Havsulekolonien har vakse utruleg.

Langslog er ytterste skjæret, litt ut og vest for Skarveklakken. Rundholmane, to av dei, er lenger inn med på å verne hamna mot nord. Litt innafor er Ringholmen. Vestenfor er Annemariaskjæret. Det ligg attmed leia og har ein varde med blinklykt oppå. Skjæret har namn etter eit fartøy som sigla seg opp der. Litt utanfor er Seiskjæret med ei tjukk jernstøtte på. Skavdalsleia, hovudleia inn frå havet, går inn mellom det og Skavdalsbøen litt ut og vestenfor.

På austsida av hamna er Varholmen. Vest for hamna er fleire skjær som frå gamalt har verna for landingsplassen. Tenndraget er det største, så Bertinaholmen, Langskjæret, Storbollen og Litjebollen.

Åskjæret ligg ytterst i Åvika og kjerkeskjæret utfor Kjerkebergan, lenger sør er Klubben, to runde bergholmer, ein på kvar side av Klubbleia.

Frå Klubban og nordover er dei ytterste tørrbøan: Tverrbøen, Fiskebøen, Melabøen med Melaleia på vest/sørsida, Bjerkedalsbøen og Skavdalsbøen.

Frå klubban og sørover: Litjelandsskjæran og litt lenger sør Rådstua. Skjæret ­har namn etter ei hending med to gutar som skulle ro ut og drage kokfisk med dei vaksne var oppe i Børvågdalen og tok moldfor til husdyra. Gutane blei usamd om kven som skulle vere høvedsmann. Det blei til at den friskaste rodde inntil skjæret og jaga den andre opp der. Så rodde han heim med båten. Han som var på skjeret måtte vere der til dei vaksne kom heim frå Børvågen. Skjæret ligg på yttersida og tett ved båtleia. Han som jaga kameraten, ein fantegut, opp på skjæret var Emil Paulsen, seinare gift og busett på Andenes.

Lenger inn mot land er Slåttetøya, ein flat, grasgrodd holme. Sørst og vestrast er Vausskjæran, eit stort og mange små skjær og grunnar og ligg som hovudvern for Børvågen.

Eit godt stykke utfor desse holmar og skjær ligg utbøan. Frå sør og nordover er Melaflua, Reppålen og Rognfjellskallen. Nord for Skavdalsbøen ligg nordre (og sagt norste) Skavdalsbøen. Lenger ut er Åknesbøan i rad med Tomåsgrunnen nordimot Skogvollklakkan. Dei fleste av desse utbøen bryt berre i tung sjø.

 

Skog

Det har vore sagt på fleip at Andøya var så skogfattig at dei måtte denge ungane med torv. Og det er rett at store vidder er skoglause. Nordmela er ikkje noko unntak i så måte. Men heilt skoglaus er ikkje Andøya eller Nordmela heller, i Storholen er noe skog, mest på sørsida. Den var nytta til risskjæring den tid det for-slaget var brukt og blei derfor berre kratt. Etter at risskjæringa tok slutt har bjørka vakse opp. Med litt stell kan det nok bli skog til sitt bruk, om han ikkje blir stor. Der er for verhardt til dat. Elles må ein til fjells for å finne skikkeleg bjørkeskog, helst på austsida av Kinnfjellet til inst i Finnkondalen. Bortsett frå heia er då fjellet skogkledd heilt til Børvågen.

Om Råvedsmyra frå Leitehågen til gamle garden er sagn som fortel at skogen var så tett at dei såg ikkje sola igjennom. Denne skogen svidde tussane av ein gong dei kom hit. - Myra er no utgrøfta og stort sett dyrka. Ho er grunn og med god voksterjord øverst, så det er rimeleg at det har vore skog der. Namn Råvedsmyra kan tyde på at det var ung, smekker skog, høveleg til råved før å henge fisk på. Elles var det brukt ved til brensel, og denne skogen var så nær at det lett let seg gjere å få han vekk utan tussene si hjelp.

Av den opphavelege skogen er Bjørka den rådande med ei og anna rogn og selje innimellom. Det er no planta ein god del gran som tanken er at nye generasjonar skal få nytte av.

 

Brensel

Det er veden som mest har vore nytta til brensel gjennom tidene. Men det var langt til skogen, og veden måtte heim på vinterføre. Utover nyårshelga for mannfolka bort på fiske, og då måtte brenslet helst vere attmed huset.

Etterkvart tok folk til å stikke torv til brensel. Frå først av var det helst nytta til å halde varmen på grua. Veden brann lettare ut. Etter at jarn-omnanae blei meir vanleg i bruk blei det og nytta mere torv attåt veden. No slapp ein den sure torvrøyken frå grua, og det gjekk ikkje lang tid før torvet tok over som brensel.

Torvinga gjekk føre seg kring midten av juni, eller når mannfolka kom heim frå Finnmark. Alle som kunne vere heimanfrå og som kunne røyse ei torva, var med i dette arbeidet. Torvet skulle vere tørt og i hus eller stakk før haustregnet kom. Det var elles godt om ein hadde torv frå året før til bruk framover haustan. Det var heilt tørt og drygare i bruk enn årstorvet. Det var ikkje uvanleg å ha „gammeltorv" til eit halvt eller heilt års bruk.

I 1960-åra minka torvet som brensel. Folk fekk ikkje tid til torving. Det var lettare å tene pengar på fiske eller anna arbeid og heller brenne kol eller olje. Elektrisiteten som no var komen kunne og brukes til koking og oppvarming. Torvet si tid som brensel synes stort sett å vere forbi.

 

Korndyrking

Litt korndyrking har det nok vore her som så mange andre stader her nord. Ein ser åkerreinene på nordsida av elva, altså i sørhellinga, heilt frå Teinneset og opp til Gårdbakkan. Frå etter måten ny tid veit vi om to mølner, ei under Vassbakken og ei ved Endtjønnbekken. Vi kjenner ikkje eigaren til den første, men den ved Endtjønnbekken sette Aron Uhre opp, truleg i siste halvdel av 1840-åra.

Endtjønna hadde truleg forlite vatn til mølna. For å bøte på det har han teke grøft frå vassrenna til andre mølner og leidd vatnet ned i Endtjønna. På det viset kunne han fylle opp Endtjønna med den andre mølna stod. Mølna under Vassbakken hadde vatn frå Melavatnet. Dersom namna Mølnraet og Mølnberget fortel noko, kan det lenger att i tida ha vore mølner ved Melaelva. Merke etter det er då ikkje funnet.

Kor store eller kor årvisse kornavlingane har vore veit vi ikkje. Her er noen tal vi har for korndyrking:

Matrikul 1738 har dette i beskrivelsen: Utsed 7 skjepper, avl 1 td. 7 skjepper. I folketellinger 1865: Utsed 7/8 td. bygg, 33 td. Poteter. I 1875: Utsed 8 1/2 korn, 1 havre og 50 1/2 poteter. Her er ikkje nytta nemninga td. eller anna mål. Ein går då ut frå at nemninga ovanfor gjeld her og. Poteten samsvarar med 1865 då folketalet no er større. Vi har ikkje alsresultat for desse to åra.

 

Jordbruk

Husdyrbruket er nok gammelt her som elles i landet.

Folk måtte ha kjøtt og melk til huset. Dei måtte ha ull til å lage klede av. Og huder og skinn til fotty og sjøhyr, Og dei måtte ha gjødsel till kornåkrane. For å få dette måtte dei halde husdyr.

Med den reidskapen dei hadde var det tungt å bryte jord, og den mest lettstelte og tørrlendte jorda måtte nyttes til åkerland. Det blei derfor lite slåtteland attmed husa. Så snart den vesle heimjorda var avhausta måtte dei derfor ta til i utmarka. Der heldt dei så på til frosten eller snyen kom. Ja ein kjenner til at det tilmed var slått sev på isen.

Lauv var mykje nytta til for, og det måtte takast med det var friskt. Lauvknippa eller -kjerva blei tørka og lagt i stakk, og så kjørt eller dregen heim på vinterføre liksom høyet. Dei beste utmarkslåttene var delt mellom bruka, slik at dei hadde kvar sine. Det var og slåtter som blei hausta på omgang. Det vil seie at det var årbyte på dei. Øvste delen av Steinsvaaselva var brukt på den måten, Bruka som åtte desse slåttene var opphaveleg gått ut frå samme hovudbruk, og når dei så var ulike retta dei ulikskapen på denne måten. Namna på desse slåttene var Storhøystakken, ­Mellahøystakken, Litjhøystakken og Bekkjen. Ellers var heile elva nedover bytta ut i slåtteteiger.

Dei fleste fjellslåttene var frå Verselsteinen og til innst i Finnkondalen. Fleir skrapslåtter låg i fellesskap. Her kunne dei som ikkje åtte jord få skrape seg litt for. I tillegg fekk dei jamt låne slåtter som eigaren ikkje nytta det året. Tilsaman kunne det bli for til ei ku og eit par sauer.

Frå gamalt av har øyane nordover vore nytta til beite. Det har vore sagt at kyrne blei mjølka tre gonger om dagen. Truleg blei dei då samla og driven over til sørsida av Nordelva for mjølking, og at Melkesundet, der kyrne blei driven over, har namn etter dette.

Seinare blei fjæra sørover til Børvågen teken i bruk som bumark. Dei beita og kyrne på austsida av Kinnfjellet, Lambersøya, Storøya og Eggøya blei bytta ut i slåtteteiger. Ol'Andersaholmen og Storøyklubben var og med der. Etter at øyane var avhausta blei kyrne jaga nordover for å ete det som stod igjen.

Det var vanleg å ta moldfor til kyrne. Det er røtene av eit slag bregner, her kalla småblom. På berrfrosten framover hausten var det å samle lyng og ris som tilleggsfor. Tang var og brukt. Framover våren var butaren og god å finne. Unntatt arbeidet med å skjære tare, var denne tildrotten helst kvinnfolkarbeid som dei hadde attåt husarbeidet. Litt større ungar var og med, om dei då ikkje var på skolen.

Fiskeavfall som hau og slog var kraftfor og blei kokt eller "løypt" til dyra. Fekk berre buskapen nok av dette, lei dei ikkje nød. Men det hende at det blei sett inn fleire dyr enn det var for til, og blei det da sein vår, var bunøda viss. Ein kjenner til at naut stupte på båsen av den grunn.

Folketalet auka, og det blei trongt om byggetomter Då det oppdyrka området. I 1870/71 var det offentleg utskifte. Innmarka blei ein god del utvida og fikk faste grenser mot utmarka. Fleire bruk blei regulert ut til dette feltet.

I 1879/80-åra tok folk til å grøfte ut tjønner og myrer. Dette arbeidet kom vel helst igang med at folk gjekk og venta  på silda som ikkje kom, og så gjekk dei i gang med å grave grøfter i ventetida. Tilreisande folk var og med på det.

Å pløye jorda eller myra var det ikkje snakk om. Hadde vel ikkje sterk nok plog til det heller. Dei grøfta, hogg vekk tuvene og kjørte gjødsel på. Til gjødsel var helst nytta tang som det var nok av i fjæra. Det vart og laga kompost av hogde tuver og fiskeslog, men dette var mykje arbeidskrevende og lite brukt. I enno mindre grad blei nytta fiskehau som dei plugga ned i jorda.

Under første verdenskrig gjaldt det matauke. Det blei då pløygd opp ein god dei potetland. I 1920/30-åra var fortenesta skral overalt. Jorda såg ut til å bli livberginga, og det blei gitt etter måten bra tilskott for å dyrke si eige jord. Det kom fart i nydyrkinga, og på Nordmela blei dyrka fleire hundre mål denne tida. No var det gjødsel nok å få tak i – kunstgjødsel. Folk fekk nok med å berge det som veks på heimjorda, og utslåttene fekk stå i fred.

Etter 1940 blei øyane tatt til bumark igjen. Her var rikare grasvekst enn der sør, og det var ikkje lenger rekningssvarande å bruke desse skrapslåttene når ein hadde eller kunne få maskinmark heime.

Først på 1960-talet var det mellom 60 og 70 kyr, 9 hestar og ein god del sauer på Nordmela. Men tidene skiftar. Dei unge såg ikkje noko framtid i å grave i iorda. Noen reiste til sjøs for å skape seg ei framtid der. Andre kom seg inn på skolar for med det å få fast løna arbeid. Elles blei det no lett å få bra betalt arbeid utan opplæring og. Når dei som dreiv bruka måtte slge dette på grunn av alder eller sjukdom, blei jorda liggande brakk og fjøsane tomme. I 1978 var det berre noen få sauer og ein hest att av husdyra.

Ein god del ungdom blei likevel på plassen og heldt fram med fiske, men no med heilårsdrift, Kombinasjonen jordbruk/fiske synes vere slutt.

Som før nemnd hører egg- og dunvær til gården. Det ligg i fellesskap og alle må vere med på eggleitinga. Egga blir no som før delt mellom jordeigarane etter gammel skyld.

Dei hadde og lakseteina i elva. Laksen blei delt etter samsne vilkår som egga. Frå dette teinebruket har vi namna Teinneset, Teinneshola og før hadde vi Teinnesvegen.

 

Fiske

Matrikul 1738 har i beskrivelsen denne ordlegginga: „Ligger beleilig til for fiske men er ond landing og et forland mot havet".

Den gongen og lenge etter var nok dette rett. Av den grunn blei og vinterfisket rodd andre stader, Andenes, Langenes eller Nyksund. Det var og båtar som dreiv med garn på innersida, mot Andfjorden.

I 1860-70 åra kom storsilda under land her. Det skapte nytt liv og ein velstand ingen før hadde sett maken til. Kjøparar kom til og bygde salteri både her, i Leirvika og i Børvågen. I 1874 var det for Børvågen skattlagt 15 utabygds personar for buer, salteri og andre anlegg. Det har vore sagt at der var både brennevinshandel og bakeri.

Det var sild og fisk i massevis. Heile Åvika stod full av sild og sei. Småguttene stod nedpå Elveberget og fiska. Seien var stor og gutane kunne vere snå. Utstyret var nok ikkje flott, men fisken beit på likevel, og det var ikkje uvanleg når ein storing beit på at guten la taumen over aksla og drog seien etter seg oppover berget. (Fortalt av Ole Elvan som sjølv var med på det.) Det har vore sagt at ein masse sei kovna i sildestimane. Tjukke lag låg etter heile sanden og rotna ned.

Peder Pettersen kom i 1867 frå Lødingen og tok til med fisk- og sildekjøp. I 1874 hadde han fått bygd hus, og familien flytta då hit. At det blei fast handel og det som følgde med den gjorde sitt til utviklinga på staden. Folk tente pengar som aldri før, og fleire sette seg istand til å kunne ta imot silda. Og så blei silda borte. Ho hadde teke ein annan veg.

Som punktum for denne velstandsperioden kom det eit par stormflør som mest gjorde­ reint bord. Den største var vel 15. desember 1879. Pettersen med fleire stod og såg på at sjøen for avgårde med brygga hans som var full av tynner, salt og ymse utstyr for fiske. Der var og vinterforsyning innkjøpt for krambuhandelen.

I alt var det 7 salteri, 3 andre sjøhus og ni kaier som gjekk tapt den gongen. På fastlandet stod eit bruk igjen, Lindbruket. Salteriet var bygd av tømmer oppfylt av salttynner. På Tenndraget stod eit eller to bruk igjen, har det vore sagt.

Ny storflo i 1882 gjorde og skade her, men langt frå som den første. Kor stor skaden blei i Børvågen er ikkje kjend.

(I “Berg og Torsken bygdebok” står på side 27 bind II: „Orkanåra tok til med storm og stor oppgang av sjøen den 15. desember 1879. Så høg flo “har ingensine før været iakttaget,” heiter det.)

Silda var borte for godt. Men det var anna fisk i havet, og no som før var fiske hvvudnæringa. For mange var det å starte på ny, og for noen med gjeld i tillegg.

Det blei som før, at når nyårshelga var vel over måtte dei fare til vinterfiske på Andenes, Langnes eller til Nyksund. Med det blei dei borte heile vinteren. Berre ei og anna helg når veret var lagleg, kunne dei gjere heimvitjing. Då var det å ta med kokfisk til dei som var heime og løype til dyra. „Løype” var her torskehau tredd på snøre med omlag 20 hau på kvart band. Dei var hengd opp for ikkje å rotne før dei kom i løypingsgryta, det gjaldt å få med seg mest råd var når dei skulle heim. Desse 'heimturane var jamt slitsame når dei skulle opp i rett tid og ro måndagsmorran.

I 1892 eller 93 var det to båtlag som fann på å ro vinterfiske i Børvågen. Høvedsmenn var Hans Karpersen frå Bø og Ole Elven frå Nordmela. Dei heldt til i buer på Fochsenbruket som stod igjen etter sildtida. Fisken hengde dei sjølv, men når det høvde for dei og opp til Langnes og selde.

Etterkvart kom fleire dit, og Børvågen blei bygd opp på ny, men no berre i Keila. I storsildtida var det bygd mykje på Hannneset.

Som nemnd hadde Fochsen bruk der frå før, og Karl Nilssen på Myre blei styrar. Pettersen på Nordmela og Dybwik på Myre (Dverberg) bygde nye bruk. Utanom fiskebruka bygde fleire fiskarar buer rundt botnen i Keila. Det rodde folk frå heile Søranda og vestersida, tilmed frå Bleik, (ikkje båtlag derifrå.) No var det lett å halde kontakt med heimen både i helgene og elles når uveret laga trygg landlega.

Frå Børvågen kunne dei drive på heile havgrunnen frå Langnes og nordover. Ja dei var tilmed i Bleiksbakkan på åttringane vinterstid. I eit tilfelle på mindre båt. Børvågen var blitt storvær - så lenge det vara.

Kring 1907 kom dei første båtane med dekk til Nordmela. Det var sneisiglarar.

Frå 1910 blei det vanleg med motor i båtane. Desse båtane var tyngre enn nord­landsbåtane og kunne ikkje drages på land om det blei uver. Og motorane greidde lett den lange leia opp til Nordmela om vinden var imot. Vinterdrifta blei flytt til Nordmela, og Nordhamna blei hamn for motorbåtane.

Børvågfisket var slutt. Pettersenbruket blei riven og sett opp på Lindholmen på Nordmela i 1916. Dei andre bruka var riven før. Dybwikbruket blei flytta til Andenes og sett opp på Senholmen.

Med motorbåtane, som etterkvart blei større og betre, kom det ei omlegging av fisket. No nådde dei ut i egga vinterstid og. Der stod fisken meire samla enn på grunnen, og det var ikkje uvanleg at båtane kom lasta til lands. Det gjekk mindre tid på vegane, og motordrivne linespel gjorde at dei kunne drage meire bruk enn før. Attåt blei det fleire uttorsdager for været sin del. Fangstane blei større, og om båtlottane og driftskostnaden auka, veks og mannslottane. Og framom alt: Tryggleiken på havet blei mykje betre enn før.

Årsrytmen for fisket var vel stort sett den samme til langt utover hundreårs­skiftet. Vinterfiske var visst for dei fleste friske karar. Når det var endt fòr dei fleste til Finnmarka med juksa. Det hendte at ein og annan hadde med noen linebøylar ifall juksefisket slo feil. Og ein kjenner til at lina blei brukt og gav lott når juksefisket stoppa opp.

Til finnmarkturar blei helst nytta fembøringar.

Heime var lite å gjere på havet denne tida. Det kunne slumpe til med noen sjøver når skråpen for frå Lofoten, om då veret var lagleg. Eit og anna skulle gjerast på land og, men det blei liksom å stå med den eine foten på land og den andre i båten. Resultatet blei jamt skralt på begge stadene.

Når folket kom frå Finnmarka var ofte det meste av våronna gjort. Når så torvet var komen på tørkemoa måtte ein komme seg i Bleiksbakkan etter longa og storauaren. Dette var helst i åttringstida. Oftast rodde dei frå Andenes, men dei hadde og tilhald i Staven. Fisken hengde dei sjølv der. Hadde dei ikkje sild til agn, drog dei sei som dei skar sund til agn på longevaden. Frå Staven var kortaste vegen til bakken, og somarstad sov ein godt under tjeld.

Etter at motorane kom var det å gå i egga somarstid etter blåkveite. Russen hadde kjøparar på Andenes, ei tid på Nordmela og. - Eller båtane låg ute på havgrunnen med juksa etter torsk og sei.

Det var fleire seinøter på Nordmela, og folk var sjølvsagt merksam på om det skulle kome sei på grunnane. Staveflua var vel den sikraste seigrunnen i området.

Under onnearbeid og stell på gården låg båtane stort sett i ro. Framover hausten rodde dei helst med juksa når veret var lagleg. Men dagane blei kortare og haustveret meire utrygt enn elles på året. No blei bruket sett istand til vinterfisket. Båtane kunne og trenge vøling, og det trengtes tid til det og.

Sist i 1920-åra tok folk her til å fiske flyndre med trål eller snurrevad. Dei fekk seg etterkvart rundfisktrål og. Dette gav noen år etter måten bra inntekt. Men flyndra blei snart fiska bort frå sandflekkane så det fisket blei ulønsamt.

I april 1870 blei det sett opp liste over alle båtane på Andøya. Her er tala for Nordmela:

3 fembøringar

4 åttringar

3 halvfemterømmingar

2 halvfjerderømmingar

5 treromsbåtar

2 toromsbåtar

Ialt var det 19 båtar.

 

No er det tidsmessige fiskarbåtar på opptil 60 - 65 fot og med motorar på inntil 260 hk eller meire. Attåt det noen sjarkar og part i 2 stortrålerer. Fisket er gått over til å være heilårsdrift.

 

For betre å kunne forstå kva fisket har å seie for Nordmela og for heile kommunen tek eg med liste over fisket og verdet av det i åra 1975, 1976 og 1977.

Ilandført fisk i 1975:

Andenes 8.028 tonn. – 18.590.000 kroner.    

Bleik 1.435 tonn. – 3.406.000 kroner.

Nordmela 1.445 tonn.  - 3.605.000 kroner.

Kvalnes/Risøyhamn 42 tonn.    -  113.000 kroner.

Ilandført fisk i 1976:

Andenes 7.400 tonn. – 21.072.000 kroner.    

Bleik 1.471 tonn. – 5.350.000 kroner.

Nordmela 1.774 tonn. - 5.483.000 kroner.

Kvalnes/Risøyhamn 152 tonn. – 414.000 kroner.

Ilandført fisk i 1977:

Andenes 8.763 tonn. – 28.665.000 kroner.    

Bleik 2.060 tonn. – 7.073.000 kroner.

Nordmela 2.361 tonn. – 8.119.000 kroner.

Kvalnes/Risøyhamn 225 tonn. – 572.000 kroner.

 

Hamnebygging

I rimeleg ver låg båtane bra i lyvd av holmane utanfor. Men når haust- og vintestormane kom, braut storhavet innover. Her måtte betre vern til.

Alt i 1870 var det arbeidd ut ein plan om molo frå Tenndraget, over Storbollen, Langskjæret og eit lite skjær på nordsida. Moloen skulle være 282 meter lang og var kostnadsrekna til 280.000 kroner.

Det gjekk då mange år, og det blei laga mange planar før arbeidet kom igang. I denne tida hende fleire forlis og storskader i hamna og hamneområdet.

Ei stor ulempe var den store utfjæra der dei gamle bryggene stod. Motorbåtane kom ikkje inntil for å levere fangsten. Fisken måtte lempes over i føringsbåtar - helst flatbotna dorryar - og så roes inn til kaiene. Ved halvfallen sjø kom ein ikkje over Leira med fiskelast i dorryen. Det var då å ro ut mellom holmane og gjennom Steinsundet. Var det allersålite tungsjø måtte ein vente på "løye" for å komme i gjennom. Var det så mykje sjø at ein ikkje kom igjennom der, var det å ro utom Storbollen og Litjebollen for å kome inn Keila – om det då var komande inn der. At det ikkje hende ulykker med denne transporten må vel både hell og dugleik ha æra for.

Vinterstid med mykje frost var det vanleg at Leira fraus til. Einaste farvegen frå hamna og til kaiene var då gjennom Steinsundet eller utom holmane.

Berre vissa om at det let seg gjere å bygge hamn, og trua på at det eingong ville bli gjort, gjorde at folk held fram med å ro heime. Krava om betring av hamneforholda var både mange og velbegrunna.

Først i tredveåra blei det gjort ein liten start på hameutbygginga med transportveg på innersida av hamna til Gammelnausthågen. Videre som ismolo og veg over leira til Varholmen. Vegbygginga tok til 19. november 1931 som nødsarbeid.

Bygginga heldt seinare fram som ordinært hamnearbeid med ei lita klattløyving no og då til vegen blei ferdig 1951.  No kunne bygginga på holmen ta til. Her var djupt vatn så båtar og farty kunne komme inntil kaiene ka tid som helst.

Men hamna låg like open mot storhavet no som før. I 1958 kom arbeidet igang på yttermoloen, og den blei gjort ferdig 1974. No skulle båtane på hamna og fiskebruka på holmen vere trygge. Natt til 3. januar 1975 sette det inn sterkt uver med stormflo og grov sjø, Moloen blei meir og mindre skadd i heile si lengd og mykje av han riven ut. Likevel, hadde ikkje moloen denne gongen vore på plass, ville Nordmela truleg på ny fått ei større sjøulykke i hamneområdet. Heldigvis gjekk det bra denne

Hovudmoloen på yttersida er 610 meter lang. Ismoloen frå Gammelnausthågen - Varholmen og vidare i boge mot nord og utover på nordsida av holmen er ialt 440 meter. Kostnad ialt kr, 7.019.000. Her er då rekna med mudring av hamna og reparasjon på moloen etter uveret 1975. Denne reparasjonen kosta kr. 1.400.000. No er bygd allmenningskai på Eskjæret. Ho var kostnadsrekna til ein halv million. Varholmen er no bygd ut med moderne fiskebruk og filetfabrikk. Her er liv og rørsle, og her er arbeidsstaden på Nordmela framfor nokon annan.

 

Oppdaging

Utfor Bleik bøyer havegga inn mot land og dannar Bleiksbakkan. Denne eggebakken har vore og er sers fiskerik, og mange båtar har fram gjennom tida drive der. Lenger ut kunne dei ikkje kome. Der var så djupt at ilene botna ikkje, var det sagt. Dei var i Ariblå.

Så vidt ein veit hadde ingen forsøkt å lodde seg vestover for å finne bakken der. Og det kan vere rimeleg, for straumen var imot og renn til tider nokså hardt på eggakanten. Men det er og rimeleg å tru at dette har vore snakka om, fiskarane imellom.

Ole Johansen, Nordmela, til dagleg kalla Ole Elvan, (Elvan er no familienamnet). Han hadde vel som dei andre tenkt på kor det blei av bakken som endte der ute i Ariblå. Men for hans del blei det ikkje med berre tanken. Sommaren 1893 ville han forsøke å leite lenger vest. Han fekk med seg Even Olsen og 14 år gamle Martin, bror til Ole og for til havs.

Det var stilla og godt ver, men det er tungt å ro stilla på uvissa 14-15 nautiske mil ut mot opne havet. Det blei mykje lodding utover den mest uendelege havgrunner før det tok til å bli djupare. Men dei gav ikkje opp, og tilsist blei det djupare for kvart loddskott. Bakken var funnen her og!

Når egga først var funnen, var det lett etterkvart å finne retninga og.

I Melabakkan kalla var det om somrane den første tida mykje longa og storbrosme. Den sterke straumen langs eggakanten gjorde då drifta vanskeleg før det kom motorar i båtane.

I 1926 fekk Ole Elvan diplom for denne bragden.

 

Kvinnearbeid

Kvinnearbeidet har sovidt vore nemnd under punkta jordbruk og brensel. Deres arbeid for velstand og trivsel i heimen var då minst like nødvendig og verdfullt som det mennene stod for. Det har berre ikkje stått slik glans av det.

I heimen til den vanlege fiskarbonden var det ofte husmora sin evne til å ordne arbeidet og til å ta vare på det som gården gav, attåt det mannen tente på havet som avgjorde den økonomiske tilstanden.

Husmora sin arbeidsdag var lang. Ho var tidleg oppe og jamt den siste i seng. I den tida husdyra var innefora blei det kokt (sagt “løypt”) fiskeavfall - hau eller slog - til dei, om det då var å få tak i. Tang og ymse skraphøy blei gjerne løypt attåt i same gryta. Dersom det ikkje var karfolk tilstades som kunne gje ei hand, var eit av dei første arbeida for husmora å få varme under løypingsgryta. Så var det å stelle mat til ungane. Kanhende var det gamle og i huset som måtte ha hjelp. Når dette var gjort kunne ho gå i fjøsen og stelle dyra. Det var helst kyrne som fekk løyp. Det var kraftfor og det gav mjølk i bøtta. Jamt lei det langt fram på føremiddagen før fjøsstellet var gjort. No kunne vanleg husstell ta til.

Sommarfjøsvegen var etter måten lang. Og ein kunne ikkje godt hefte tida på den lange vegen utan å gjere “nyttig” arbeid. I nokolunne godt ver tok dei eit mjølkespann på kvar arm og bundingen i hendene. Dei batt (strikka) på vegen dit: Mangt eit strømpepar er blitt til på sommarfjøsvegen!

I oktober var det saueklipping og slakting. Kjøtt, blod og innmat måtte takast vare på og lages til mat for vinteren. Ulla blei sortert til kvart sitt bruk. Sjøvottulla var i særklasse. Ikkje alle sauene hadde ull som høvde til det. Sjøvottane måtte vere tjukke og sterke, både for varmen og ikkje minst for slit. Vottane måtte derfor kunne tøves godt saman under bruk på havet.

Framover hausten var det å nytte alle ledige stunder til å karde og spinne.

Ein måtte ha garn til å strikke strømpar, vottar og luggar. Eitt nytt slikt par var gjerne brukt som julegave til alle i huset. Og spør om dei var glade for få det. Og dei måtte ha garn til ty. Dei vov(vevde)sjølv ty til arbeidsklær underklede og sengety. Dei fleste sydde kleda sjølv.

Meste vevinga blei vel helst gjort når mannfolka var på fiske, men vever kunne og stå oppe mesteparten av året. Det blei ikkje mange ledige stunder skulle alt dette bli gjort. Attåt var det kanhende vassbæring og budrått. (Budrått: I marka etter lyng og ris og i fjæra etter tang. Nemnd før.)

Alle måtte vere med etter evne, både unge og gamle. Ingen lov nekta den gongen litt eldre barn å ta i arbeid før dei var 16 - 18 år. I den alderen hadde dei fleire års yrkesskole i heimen bak seg. Jentene fekk leve seg inn i husarbeidet­ og mang ein gut var alt blitt høvedsmann i den alderen!

Søndag var det helg og kviledag. Etter ei vekes hardt arbeid var det godt å få kvile ut. Og ungdomen nytta dagen saman til leik og hygge. Det måtte og til.

Husmora hadde vel og hovudansvaret for oppseding av barna. Berre så altfar få av desse kvinnene er blitt lagt merke til for sin innsats, eller fått æra for dette samfunnsnyttige arbeidet dei var med på.

 

Ulukker på havet

Stader folk bur rett ut mot storhavet og tek si næring av det, har det ikkje vore til å unngå at havet har kravd sine offer. Så her og.

Den eldste ulykka ein kjenner til på Nordmela er frå trangsåra., truleg 1813. Folk som omkom på havet men ikkje blei funnen att, og sålein ikkje kom i vigsla jord og blei jordfesta, blei ikkie ført inn i kjerkebøkene. Her har ein berre tradisjonen å halde seg til. I dette tilfelle er det fleire variasjonar, og det er ikkje lett å finne ut ka som er rett. Årstalet er og uvisst.

Det er sagt slik: Ein dag drog fire mann og ein smågut ut for å fiske, det var fisk nok og dei drog båten full. Dagen etter fekk ikkje guten vere med då dei syntes vere folk nok. Guten gjekk då til Skogvoll og blei med ein båt derifrå. Dette var pinseaftan og veret var fint. Men nordmelabåten kom ikkje på land att. Kven dei fire var er det fleire utsagn om. Det er sagt at det skulle vere to eller tre av sønene til Anders Uhre. Høvedsmannen skulle være Ments Ure, f. 1786. Om det var fleire av sønnene til Anders Uhre, måtte det være Hans Ravn, f. 1789. Ein av dei andre skulle heite Nils.

Folk undra seg over korleis dette gjekk til. Dei fleste trudde dei hadde fiska på “krakjen”, som det gjekk så mange segner om. Dette forliset gjorde et stort innhogg i den fåmennte grenda. Tek ein grunnlag i folketellinga 1801, blir det fjerdeparten av alle mannfolk som var då. (Etter Håkon Rydland).

Ei meir realistisk framstilling av hendinga er slik: I tvangstida var det smått med fisk, og den fisken dei fekk var både sår og mager. Når så mykje fisk kom brått under land, var det truleg både åte og kval med. En kval kan ha kome for nær båten og velta han. Eller dei kan ha drege  båten så full at det ikkje hadde,,bord for båra". Han kan ha teke inn vatn og sokke. Eit er visst: Ingen veit kva som hende.

Storskaden 6, februar 1821 gjekk det med ein mann frå Nordmela, Det var Nils Peter Pedersen Ure, f. 1795, Han let etter seg kona Marta Andreasdtr, f. 1887. Peder Martinus 10 år, Andreas Ure 3 år, Anne Birgitte 9 år og Magnhild 6 år. Han var truleg med skogvollbåten som forliste ved Vengsøya i Malangen, der dei fann vraket av fembøringen dagen etter. - Det er sagt at folket På Nordmela hadde vore heime og kom for seint til Andenes for å kunne ro den dagen.

1829: Andreas Nilsson Ure 11 år kom bort på tur til Langenes. 1851: Hans Pedersen Ure sette til for Stave. (1786-1851.)

1880: Johan Karolius Pedersen (1840-1880). Han etterlot seg enka Ingeborg 42 år, Ole 14 år, Petra 8 år, Pauline 4 år og Martin 1 år. 1880, 2. juni: Tode Rasmussen, Sørmela, (1855-1880), hadde vore ein tur til Langenes og sette til ved Børvågen på heimturen.

Den 17. oktober 1903 var desse ungdomane ute på fiske og omkom i ein nordavindskuling: Amandus Hanssen 28 år, Karl Olsen 17 år og Rignor Klaussen 19 år.

Den 15. november 1944 omkom desse utfor Storvika: Jakob Korneliussen f. 1909 17. 8, og Petter Pettersen f. i juni 1920, begge frå Nøss. Dei hadde vore på Nordmela og handla og for på ein 2-roms spissbåt. Veret stod svært utrygt, men dei tok likevel på heimtur. Vel komen på tur braut uveret laus med sterk nordkuling som rota opp sjøen. Dei gjekk truleg ned i eit brot.

Den 1. april 1953 omkom Ole Vangen, Stave, og dottersonen hans Raimond Hanssen utfor Hannneset i Børvågen. Dei var på tur frå Lofoten og hadde gått seg på eit lite skjær. Ole Vangen var fødd 1881. I desse to siste forlisa var det ikkje med folk frå Nordmela. Dei er nemnd fordi ulykkene hende i skjærgården her.

 

Ulukker på land

Om folk flest reknar det som tryggare på land enn på havet, kan det likevel hende ulykker der og. I Finnkondalen har Hanselia namn etter Hans Pedersen, Nøss. Han omkom i eit snyras. Årstal har vi ikkje.

I 1893 var noen gutar og forsøkte isen på ei tjønn i Hettholmyra. Petter Olsen, truleg fødd 1880, gjekk gjennom isen og drukna.

Vinteren 1916 gjekk Oluf Olaussen, kona Pauline, sonen Ingvald og Nils Klaussen frå Nordmela og skulle heim til Nøss. Oppi Nøssdalen losna eit snøras som tok dei med. Oluf var eit stykke framføre dei andre og blei såleis i utkant av raset. Han kom seg laus, ned til folk og fekk varsla om hendinga. Hjelpemannskapet fekk berga Pauline og Nils, men Ingvald var død då dei fann han. Han var sjuk og dei var på heimtur frå lege då ulykka hende.

Den 6. mars 1936 gjekk tre ungdomar på ski opp Finnkondalen og var tenkt seg ned

i Bødalen på andre sida av fjellet. Olav Hanssen, f. 31. mars 1914, sette først utfor. For å minske farta ville han krysse lia nedover, men med det losna eit stort snyras som han sjølv kom innunder. Dei andre kom etter i samme farta og for med ein gong etter hjelp. På Rundholen var ein skoleklasse på tur. Saman med dei vaksne på staden tok dei straks iveg til ulykkesstaden. Olav var død då dei fann han nerst i raset.

Kameratane var Andor Nilssen og Fridtjov Helmersen, alle frå Nordmela.

Den 30. januar 1962 omkom Hans Øyvind, f. 13.7. 1957 i ei oppdemd grøft eit lite stykke frå huset. Opplivingsforsøk kom straks i gang, men dei var ikkje råd å berge livet. Foreldra var Gunda og Sigmund Elvan.

Svenn Helmersen, f. 8,11.1946, omkom i Nøssdalsvatnet 26. juli 1970 då båten han var i gjekk rundt.

 

Skole

Første tida etter at det kom fast skoleordning blei det her som dei fleste andre stader halde skole i heimhusa. Vi kjenner til at barn frå Nordmela gjekk på skole på Stave. Om barn derfrå gjekk på skole her, kjenner ein ikkje til.

I 1893 blei det bygd skole her. Det var eit klasserom med loft, og gang utanfor. Forutan barna frå Nordmela søkte og barna frå fjellgardane hit. I 1938 blei elevane frå Skavdalen og Åbergsjord flytta over til Ånes.

I 1943 var barnetalet på Skogvoll gått så mykje tilbake at den krinsen blei inn­dregen og elevane ført over til Nordmela.

I 1957 blei vigsla ny skole på Nordmela. I første etasje er tre klasserom og lærarrom. I kjellaren er fyrrom, bad, toalettrom og møtesal – aula. Møtesalen har og vore nytta som undervisingsrom.

Lærar Husøy, første styraren på nyskolen, gjorde eit stort arbeid for å få det triveleg der. Han var malar og mala fleire store bilet til kvart klasserom. I gangen utanfor er fleire bilet frå natur og folkeeventyr. Tett innfor inngangsdøra har han måla eit stort kart over Andøya, og i aulaen bakgrunnsteppe og sidekullissar til scenen.

Under vigslinga sa skoldirektøren at utsmykkinga sette skolen i ein særklasse og kunne vere til mønster for andre. På dette felt har han truleg stillinga enno. Det vart skolt på Skogvoll medan nyskolen blei gjort ferdig.

I 1958 blei elevane ved Stave skole flytta til Nordmela.

I 1967 blei dei så flytta over til Bleik barneskole og Andenes ungdomsskole. Ungdomsskoleelevane frå Nordmela går på skole i Risøyhamn.

 

Post

I 1871 blei det retta opp sesongpostopneri i tida januar april under namnet Nordmela, med bipost til og fra Risøyhamn postopneri.

Truleg for sildfisket sin del blei tenestetida endra til 15. 10. 1871 til 15. 1. 1872. Det er litt uvisst om denne ruta gjekk kvar veke. Truleg var det kvar fjortende dag.

Karoline Mentsen blei tilsett som postfører. Ho var ikkje skuggeredd når ho våga seg på denne jobben. Det var å gå til fots over blaute myrer og ville fjell, og i svartaste haust- og vintermørkna, og i regn, snykov og fokk. Det fortelles at ho gjekk seg vill i slikt ver og blei på fjellet heile natta. Om morran fann ho ned til Kobbedalen og inn til folk. Der bad ho om varm mjølk, og det fekk ho. Dei baud ho og seng å kvile i, men det ville ho ikkje ha. Ho måtte til Risøyhamn for å nå dampen.

Elles var det vel ikkje berre vanleg brevpost ho hadde i skreppa, men pengar og. Ho hadde pistol med på desse turane, og ho våga bruke han og.

I 1888 blei postruta lagt om til Nordmela - Dverberg ein gong i veka frå først i oktober til midten av januar, med retur etter at posten sørfrå var komen. I 1899 fekk Nordmela heilårig postteneste med post ein gong kvar veke vinter­halvåret, og fjortende kvar dag sommarhalvåret til og fra Dverberg. No er namnet Nordmjele.

I 1905 er postruta utvida til ein gong kvar veke Nordmela - Dverberg, og land­postbud Nordmela - Stave ein gong kvar veke.

I 1905 er lokalskipsruta igang ein gong for veka i tida 18. juni - medio august,

Seinare blei postruta utvida til to gonger for veka Nordmela - Dverberg, og lokalrutebåt ein gong for veka heile året. Dato for utvidinga har vi ikkje.

No går posten alle yrkesdagane Andenes - Bleik - Nordmela - Nøss - Bø - Risøyhamn og retur.

 

Telefon

Den 1. september 1905 blei det opna telefon på Nordmela. Vilkåra for å få telefon var at arbeide, hus, lys og varme skulle vere gratis i fem år inntil videre. Dette videre blei vel nytta for denne stasjonen og vara til 1. juli 1913. Etter den tid blei det rekna eit gebyr som kunne bli 4, 5, 6, og for enkelte månader opptil 9 kroner. Ikkje noko fast løn.

Ordninga vara til 1929. Då stengde stasjonshaldaren telefonen etter å ha sagt frå i god tid føreåt. Då fem dagar var gått kom det lønstilbod på kr. 20 ­pr månad. Kravet var kr. 30!

Telefonen er no automatisert i heile kommunen og med fjernsamband til utverda.

 

Vegbygging

Det har ikkje alltid vore lett å ta seg fram over Andmyra til Dverberg eller Myre. Der var kjerka, prest, lensmann og i nyare tid doktor og jordmor. Folk flest fekk før eller seinare med nokon av desse å gjere, og då var let oftast å ta beina fatt. Berre på godt vinterføre kunne ein kome fram med hest. Verst var det å kome over elvene haust og vår. Især under isløysinga om våren var det reint ille. Samme vanskane var det med Skogvollelva og Staveelva. Det er fortalt om fiskarar som kom gåande heim frå Andenes til påskehelga, at dei hadde vadd over sjøstøvlane i isvatnet for å kome over elvene.

I tida 1890-93 blei det bygd bruer over Nordelva, Gjertrudelva, Skogvollelva og Staveelva. Dette syntes folk var eit stort framsteg, men med bruene kom og saknet av veg sterkare fram. På Nordmela arbeidde folket sjølv veg fram til bruene over Nordeva og Gjertrudelva, omlag 2 km.

Men Andmyra låg like veglaus og til tider mest uframkomeleg som før. Dette arbeidet var meire enn folket skjølv kunne ta på seg. Det måtte bli oppgave for vegvesenet. I 1916 blei arbeidet sett igang, og det var fullført med ei bru over Melaelva 1926. Veglengde 14 km.

Veg gjennom Roksdalen frå Å - f,jellgårdane - Nordmela blei ferdig 1961. Overtatt frå 1.1. 1962.

I 1975 blei vegen om Børra mellom Nordmela og Nøss ferdig og opna.

 

Lokalbåtruter

Troms Fylkes Dampskibsselskab hadde lokalruter på Andenes visstnok først i 1870-åra. Men det tok tid før Nordmela fekk slik samferdsel. Først då det kom på tale at TFDS tenkte å sende ein båt rundt øya, sette VDS inn lokalrute her. I 1905 hadde VDS lokalrute på Andøya i tida 18. juni til medio august, ein tur for veka. Om dette er første året ruta var igang er ikkje heilt visst.

Risøyrenna var lite mudra den gongen. For å få floa gjennom renna gjekk lokalen nordover skiftesvik på innersida og yttersida rundt øya. Ruta fekk derfor namnet „tullruta". Både Nordmela og Børvågen hadde anløp. Seinare blei ruta utvida til å gjelde heile året. Etter at Risøyrenna blei meire oppmudra, var det einvegssigling rundt øya med nordtur på yttersida,

Denne lokalruta heldt fram til 1952, den siste tida med leigde fiskebåtar, men no berre til Nordmela. Elles hende det at VDS godsbåtar var oppe her og tok inn større parti last, t.eks. bunta tørrfisk.

 

Elektrisitet

Andøy kraftlag bygde kraftline til Nordmela 1954. Fiskarsamvirke hadde då alt montert elektrisk utstyr på fiskebruket og nytta som kraftkjelde eit bensinagregat, med dei venta på „Lovikstraumen".

Folk flest hadde og fått montert lamper, omnar og anna elektrisk utstyr som stod ferdig til bruk. Den dagen lyset blei slått på var det fest i kvart hus.

 

Kjerkegård

Frå gammelt av var kjerkegården på Dverberg. Men det var tungvint å kome dit, uvegsamt som det var, og det blei sett fram krav om kjerkegård på vestersida. Den blei lagt på Skogvoll og vigsla av sokneprest Normann 6, august 1847. Det blei mykje betre no, men likevel til tider tungvint å kome dit og.

Frå Nordmela kom det krav om eigen kjerkegård. Etter mykje om og men blei det vigsla kjerkegård her 6, november 1921. av sokneprest Blindheim. Fleire lik var alt sett ned før vigslinga. Den første som var sett ned var Helene Rødevand, gravlagt 1. februar 1920. Reaksjonen frå kjerkehald mot denne gravlegginga var stor. Det jamna seg då ut etterkvart.

 

Foreninger/lag

Første organiserte lag ein kjenner tilher var eit såkalla kristeleg ungdomslag, som lærar Klaussen (Claussen?) fekk igang, truleg kring 1905. Namnet var “Havbrott” eller “Sjøbrott”. Laget fekk igang ei lita boksamling, men når det somna inn blei bøkene spredd og kom bort. Laget kjøpte og to røde lykter, overrettlykter, som blei heist for å vise Skavdalsleia når båtane var på sjøen eller når lokalen var ventende.

Nordmela misjonsforening blei stifta 1909 med Grete Pettersen som formann. Foreninga har gjennom alle år drive sitt stillfarande arbeid.

Det har tidevis vore igang skyttarlag her, men data for laget har vi ikkje. Skyttarlaget har ikkje vore igang etter krigen.

I 1920 blei det skipa eit helselag, Nordmjele tuberkuloseforening, men uten samrand med nokon organisert hovudorganisjon. Dette med å stå utanom nokon organisasjon var både bra og ikkje bra. Bra at dei kunne bruke pengane som dei ville og fann det høvelegast på staden. Men det var lite bra at det på den måten blei heller smått med informasjonar og opplysningsarbeid i den saka dei skulle arbeide for. Først i 1930-åra blei foreninga meldt inn i Norske Kvinners Sanitetsforening og tok då namnet Nordmjele Sanitetsforening. I desse åra har sanitetsforeninga gjort mykje godt arbeid på velferds- og helseplan.

Namnet er no Nordmela Sanitetsforening.

IOGT fekk i gang losje „Børra" her, truleg 1915-16. Kort tid etter kom barnelosjen "Stigen", namn etter fjellpartiet Stia i Børra, Desse laga fekk då kort levetid. Data har vi ikkje.

Den 20. januar 1924 blei skipa eit frilynd ungdomslapp med namnet „Sjøbrott" etter første ungdomslaget. Det var Tonny Bø som fekk laget igang, og ho blei lagets første formann. Laget arbeidde godt fram til 1940. M.a. hadde det fått igang statsstødd boksamling.

Etter krigen var det gjort forsøk på å få liv i laget igjen, men det gjekk tregt. Det gamle idegrunnlsaget var ikkje lenger godt nok. Vi hadde fått ci ny tid. Og no blei sentraliseringa sett i høgsetet.

Det kom påbod om at det skulle vere berre ei statsstødd boksamling i kommunen, og det blei kravd at boksamlinga på Nordmela skulle førast over til Dverberg. Det blei reist protest mot dette. Godkjent lovtekst “Ul.Sjøbrott er eier av boksamlinga” gjorde kanhende sitt til at ho blei på staden, Men statsstøaden fall bort, og utan den var det lite meining i å drive sette kulturarbeidet.

I 1972 baud ungdomslaget boksamlinga vederlagsfritt til kommunen, mot at ho fekk bli på staden. Tilbodet blei godteken og namnet er no “Nordmela folkebibliotek, filial under Andøy folkebibliotek”.

“Nordmela idrettslag” var no komen i gang. I 1973 gjekk desse to laga saman under namnet "U1/Il Sjøbrott”, laget har no bygd hus - Bygdehuset.

 

Fornminne

Attåt gravplassen på Eggøya, omtalt i avsnitt „Øyar, holmar og skjær", er her gammel gardshaug – Gårdbakkan. Ein stor part av denne haugen, kanhende den mest verdfulle delen, er no kjørt bort og nytta til hagemold eller gjødsel.

Elles viser ein til omtale av haugen i boka “Fortidsminner nord for polarsirkelen” av Povl Simonsen.

 

Mølner

Mølnene er omtalt under „Korndyrking".

 

Steinnaust

Fleire gamle båtnaust her seies vere i særklasse. Dei fleste er truleg sett opp i siste halvdel av førre hundreåret. Berre eit av dei står i god stand og er i bruk som før med fiskebruk og båtar i. Det er Anton Persanaustet. Langveggen mot nordøst og røstveggen mot sørvest er mura av gråstein opp til raft og samhald. Røstveggen mot nordaust vender mot båtstøa og har to stordører til å slå opp når båtar skal inn eller ut. Søraustveggen er bordvegg med dør for vanleg gang i naustet. Det er tekt med never og torv. Dette naustet er no freda og verna for etterslekta.

Eit anna naust - Torlev Persanaustet - hadde begge langveggene og røstveggen mot sørvest av stein opp til raft og samhald. I breidd med stordørene i nordaustveggen mot båtstøa var ei mindre dør for dagleg bruk. Naustet er no riven.

Eit tredje naust hadde sørvestveggen med hjørne og ein del av nordvestveggen av stein. Taket er no falt ned og naustet er berre ein ruin.

To naust til av stein veit vi om, men det er knapt stein igjen der dei stod.

 
Tilbake til Andoy Tilbake til oversikten