Tilbake til startsiden Foto: Idar Nilssen.

Sang om Andøya av Antonius Nordeng

 

Aktuelt fra distriktet

Frå And'nes til Gavlen

Tekst: Antonius Nordeng. Melodi: Frode Nordeng (sønn av Antonius).

 

Tilbake til oversikten
  Heftet med sangen er utlånt av Leikny og Arne Th. Andreassen, Andenes
 

 

Melodien arrangert for blåsere.

Klikk på notene for forstørrelse.

 

 

 

 

 

Frå And'nes til Gavlen, frå Bør'a til Aa

i det kan du Andøya sjå.

Du ser ho med myr og med blinkande elv,

med fjell under solblanke kvelv.

Og vil du sjå meir, stig i høgda då opp

til «Vetten», vår høgaste topp.

Då ser du ho kviler i blånande fjord

med Røyken der langt uti nord.

 

Og lyer du, høyrer du olling og òm

av grågås, av joe og lom,

av bilar og bussar som vegane fer,

av ungdom som leikar og ler.

Og grender stig fram der før sevmyra låg,

det grønast frå fjell og til våg.

Der mose og myrull og molteblom vaks

ligg åkrar med svagande aks.

 

På Omd, seier soga, ein konge der var

med herfolk og herskip og gard.

Kong Godgest reid der på sin rappføtte «Ramn»

då «draken» var komen i hamn.

Men tidene skifte og Omd gløymdest av,

og Anda steig nyfødd or hav;

og no onna folket i fredeleg id

til vokster frå tid og til tid.

 

Dei blåmyra pløygde med skinande båt,

og både dei lo og dei gråt

når fengda var stor og til landet dei rakk, -

du evige Skapar, skje takk.

Og myra der inne - som stålplogen skar,

ho også sin grøde no bar,

og munnar blei metta frå land og frå hav.

Vi fekk, men og ofte vi gav.

 

I dag syng motoren sin stålkvasse song, -

har sunge så mangen ein gong

på veg i mot havegga ute i vest

og heimatt som kjærkommen gjest.

I stille og storm - inn mot landet du såg

for lending i vik eller våg;

og fyret det stod der – ein staseleg los,

og synte deg farlei og kòs.

 

Og fer du langs landet, du seglar framom

på Tverberg ein vyrdeleg Dòm,

og når så i sør gjennom «Vitje» du går,

snart neset ved Gavlen du når.

No heiser vi flagget og jublar i kor:

«Heil Andøy, vår rikbarma mor.

Om du ei med frendane dine held stand,

vi elskar di verharde strand.»

 

Tilbake til startsiden                            Tilbake til oversikten