Aktuelt fra distriktet

Tilbake til Andoy

Snøstjerner. Foto: Idar Nilssen.

Gåter

Oppskrevne av Antonius Nordeng.

 

Tilbake til oversikten

Tidligere gjengitt i Håløygminne 1925 s. 108.

 

I hefte l i 1925 nemnde eg at eg seinare vilde komme med dei gåteopskriftene eg hadde og som ikkje var i samlinga til lektor Riksheim. Eg tek då berre med dei som eg trur har vore brukt her nord i lengre tid. Somme av dei veit eg endåtil er svært gamle.

 

Auga:

1.      Kor mange auga er der i ei halv tynn sild? (1 auga).

2.       Kva er det som høgg heile dagen og ikkje får ein spon?

 

Båten:

3.   Opp for ho Vindgrind, ut for han Strekkland, stridde
mod han Svartbakk, Støttstakken dansa, Kvintola kvad,
etter kom ho Langslog, gjett så kva det var!

Vindgrind = naustdøra, Strekkland =båten, Svartbakk = sjyboren, Støttstakken = seglet, Kvintola = valbei-net, Langslog - juksogna.

Bismaren:

3.     Der heng ein teng på bondens vegg,
dett det ned så slår det legg.

 

Bjørka: (krokut bjørk).

4.      Kva er det som er best til (h-)jul?

     Bundingsstikkene:

6.       Fire jomfruer i ein ring, ei dansa omkring.

7.    Fem søstre klæd på seg, men ei blir alltid naken.

8.    Fem jomfruer stod opp om morgonen;  

      dei fire klædde på seg, den femte ikkje.

 

Brødkorga:

9.    Eit hus fullt av mat, ei sperra og ikkje tak.

 

Egget :

10.  Eit hus fullt av mat, men inga dør på.

 

Elden :

11.    Rødoksen (elden) stanga svartoksen (gryta) 

        så kvitoksen (mjølka) måtte belje.

 

Elefanten:

12.  Kven er den største fanten?

 

Fisen:

13.    Ei byrsa av skinn, ei kula av vind, det siktar på hælen
men treffe nasen.

 

14.    Kva er det som skrik verken før eller sidan, men skrik
i si fødingstid?

      Fingrane:

15.  Fem jomfruer (søsken) gjekk inn i ei dør og kom  inn
i kvar sitt rom. (Dei kom i fingervotten).

Fiskegarnet:

16.  Dess meir ein bøter, dess fleire hol.

Føtterne:

17.   Ein mann hadde ei mølna. I mølnhuset var det 4 krær,
i kvar krå stod 4 mjølsekkjer, på kvar mjølsekk låg 4
katter; kvar katta hadde 4 ungar og kvar unge hadde
4 føtter. Kor mange føtter hadde mannen i mølna?
(Mannen hadde 2 føtter).

Fleskeskinka:

18. Det heng ein ting på bondens vegg     med raka rauv og raka skjegg.

 

Garnnysta:

19. Rundt som eit egg, langt som ein kjerkevegg.

Gryta :

20.   Ein krokrygga far, ei sidbuka mor, og tre   stubbar   til
bonn,    (tre kolutte ungar).

 Havbåra:

21.            Rullebakk opp og Rullebakk ned, ingen er så hag ein
smed at han kan Rullebakk bøte.

22.            Der kjem ei tynna rullanes og buldranes (ramlanes   og
skramlanes) botnlaus og bandlaus. Ingen mann i  dette
land, denne tynna bande kan.

Hesten :

23.     Framme som eit grev, midt på som ei tynna, åtte som
ein soplim.

 

Holet:

24.  Kva er det som blir større dess meir ein skjer av det?

 

Høyriva:

25.   Kva er det som går opp etter bakken og ned etter bakken med 12 tenner i nakken?

 

Hunden:

26.             Otte kjørte gjenom 8 hol, med 8 hesta og 8 føl; Otte
heitte mannen sjøl, men-ka   heitte   hunden? (Hunden heitte Menka).

 

27.             Han Jeppe og han Munn drog over eit sund.

Ka heitte hunden hans Jeppmunn?  (Hunden heitte Ka).

 

 

28.    Nebukadnesar hadde ein hund. Altså heitte hunden som Nebukadnesar gav namn med sin eigen munn ?
Hunden heitte Altså.

 

Isen :

29      Vintervakse tre med rota opp og toppen ned.

 

30.           På vatnet søkk det kje, på elden brenn det kje,og på
fjellet fyk det kje.

 

31.           Han bar både øks og navar,

      han bar både kyr og klavar;

      hadde det meir vore,

      hadde han meir bore.

 

Jorda :

32.    Kva er feitast i verda?

 

Katta:

33.           Framme som eit nøste,

       på midten som ein sekk,   

og atte som ein kastekjepp.

 

34.           To glorr og eit kjerrekar,

       fire femmel og eit femmelskaft.

 

Kjerkegården:

35.   Svein og Møya møttes på heia.     Så spurde Svein    ho
Møya om han kunde få sette Rustålen (hesten)   sin   på
rustefilla (marka) hennes;    men ho svor   på   det   var
ikkje løe (var kje gras på).

Klokka:

36.     Inni mitt hau der er ein alarm, inni min mage der snur
 
seg kver tarm.

Knuten:

37.   Der sat ein Knut og knytte ein knut; så kom der ein
Knut og spurte han Knut: kva gjer du Knut? Eg
knyter ein Knut sa han Knut. Kor mange knutar?  Sv.
3 knutar.

         Kua:

38.             Opp for han gap (døra), inn for han skrikeland (kua),
på sat han brunbast (mya), ette slo han tusentapp (rumpa).

39.             Kor mange kurumper skal det til for å nå til himmels?
Sv. Ei om ho er lang nok.

       Loppa:

41.              Kor mange lopper går det i ein liter?    

       Sv. Loppa går ikkje — ho hoppar.

 

42.              Han svarteper såg meg og så for han på meg;

han porra meg og han nauporra meg.

 

Lyset:

43.              Han Ola Veiken han sat på steiken, jo meir han sat,
jo minder blei han.

44.              Løe innantil som ein gris,,
glatt utantil som ein is.

 

Livlausingen :

45      Seks liv i dei daude bein, og det sekste frelste det sju­ande. (Ein mann berga livet sitt med gåta.Han såg ein “titing" med reir i eit hestehovud).

 

45.      Eg gjekk meg ut i edens land, der fann eg åtte døde
namn; det niande gjorde dei åtte fri.Gud hjelpe meg i denne tid. (Den daudedømde fann ei and med åtte e
gg og berga seg med gåta).

 

Mennesket:

47.      2 plater, på platene 2 stokkar, på stokkane ein mjøl-
sekk, på sekken ein stav, på staven ein knupp, på
knuppen veks der skog og i skogen går kongens sol­-
datar og spaserar.

48.             Der gjekk tre mann over ei bru, men ingen gjekk i
midten: (Mannen heitte Ingen).

49.             Ei kjerring kokte graut julaftan, og han var varm like
til påske kom. (Mannen h. Påske).

 

50.             Ein mann for til gjestebod og ingen bad han; han åt
og han drakk og ingen gav han; han slåst og drogst
og ingen fekk slaget; liket låg i kista men ingen var
død. (Mannen heitte Ingen).

 

51.             Kjerringa batt kallen raude hoser av grått garn. (Kallen heitte Raude).

Mølna: (kverna).

52.             Det svinsa, det svansa, det pissa med det dansa, det laga til mat men det vaska kje fat.

53.             Handkverna:

       Dengeldarten dreiv til dommeldarten så steintuva ho dansa.

          Molta:

54.     Kva som står på sletta, tek av seg hetta og ventar på folk?

       Nasen:

55.   Kva er det som luktar best på eit apotek?

        Oteren:

56.     Kva er det som finst høgst på fjellet og nedst på havsbotten ?

        Omnen:

57.   Der står ein ting i bondens krå med 24 ringa på.

        Påskaftan:

58.   Kva er det som er på skaftan ein gong om året ?

Potetbingen :

 

59.   Ei grav full av daudingar og alle er etand'.

Saugrindane:

 

60.   Eit hus fullt av mat, fire (grisne) vegger utan tak.

Soplimen :

61.   Der står ein teng i bondens krå med 24 enda på.

Stavkjerna:

62.             Vimp står i vamp, og vamp står i krå.    

       Ta så vimp i vamp og la så hendene gå.

63.             Mi mor bad meg at eg sku be deg at du sku be di
mor å låne oss kissrelna pimpallar.

Spikarhaue :

64.   Kor vart den første spikaren slegen ?    (Sv. På haue).

Steikpanna:

64.     Rund som sola, svart som jorda og med ei lang rumpa.

Saksa:

66.   To hol har eg, to fingrar treng eg, det lange   gjer   eg
kortare, det breie smalare og det som ikkje er skilt skil eg.

 

Skuggen:

67.     Kva er det som ikkje brenn på bål, ikkje søkk på vatn
og ikkje frys på fjellet?

Tre: (ved).

68.     Der er tre mann i ein båt. To mann går ut, men endå
er der tre i båten.

Tynna:

69.     Kva er det som har sidebeina utanpå kroppen?

Tømmerstokken:

70.     Hu hei utover ei kleiv

       — det ruska, det tuska, det greip etter buska,

       det reid og det rende

       den høgste og lengste vinterdagen.

Votten:

71.   Kva er det som er vått inni, vått utanpå og vått i midten?

     Etter at eg har skrive av desse gåtene, ser eg at der er nokre få som er så lik somme av dei lektor Riksheim har havt inne før, at dei helst burde vore strokne. Noko slag merknader til desse gåtene kan eg ikkje gjere, då eg ikkje har dei hjelperåder som må til, skal ein kunne ha vilkår for å greie eit slikt arbeid bra ifrå seg. Kunde andre komme med nødvendige merknader og opplysningar var det bra.

Tilbake til oversikten                     Tilbake til Andoy            Lokalhistoria