Aktuelt fra distriktet

Tilbake til startsiden

Fra Storsandnes. Foto: Idar Nilssen.

 

Beskrivelse av skolen på Haugen - Åknes skole - pluss litt til

 

Tilbake til "gammelt" Av Randi Nordjord
Tilbake til skolen  

Skolen var enormt stor for ein liten unge. Men kanskje var brygga med lager, post og butikk + leiligheta til handelsmannen endå større.  Og ungdomshuset, lokalet, det var og stort.

 

 

Like etter krigen blei det bygd nytt uthus som inneheldt jente- og gutedo + eit stort rom til brensel som i mi tid var torv og kol. Det blei og laga ny trapp med stor terasse og eit gelender som var supert til å turne på. Dette blei det imidlertid snart slutt med, farleg som det kunne vere, utan vaksne til stades.

Frå denne terrassen gjekk det ei dør inn til eit stort og lyst rom med diverse innhald.  Det blei sagt at læraren hadde bodd der i gamle dagar. Der stod i alle høve ein stor, svart komfyr, så det stemte nok. Men i mine skoledagar (1944-52) budde lærarane privat.

Rett fram frå trappa gjekk døra inn til ein stor gang som blei brukt til å henge frå seg ytterklede og til å leike i når det var snøstorm og uråd å vere ute i friminutta. Der var og ei luke som førte til kjellaren eller eit tel, i alle høve var det berre mørkt og svart når ein kikka ned. Eit loft måtte der og vere, men korleis tilgangen dit var, veit eg ikkje.

I skolestua var ein god, høg omn til venstre for inngangsdøra. Det var alltid godt og varmt når vi kom dit om morgonen, men når det hadde gått ei tid utpå dagen, kunne det bli noko kjølegare avhengig av "ordensmannen". Ordensmannen hadde m.a. ansvar for å legge i omnen , men eg hugsar lærar Hansson var og heiv på ei og anna torve, han og.

Petromaks var lyskjelda vi hadde.

Skolestua hadde ikkje plass til stort anna enn pultar og katetret til læraren, men eit orgel hadde vi.

Opprinneleg var skolen bygd med to store vindauge mot sør og to mot aust, som vende opp mot vegen. Men då sørveggen trong nytt bordkle, blei alle vindauge flytta mot aust og ganske høgt opp på veggen. Det blei sagt at det var fordi vi elevane ikkje skulle bli avspora kvar gong ein bil køyrde sørover vegen. Så mange bilar var det ikkje i den tida, men skulle det skje at vi høyrde motordur, reiste vi oss i samla tropp og sette oss ned i full fart. Dette var i den første tida etter ombygginga, men sidan blei vi ein smule kultivert og sat i ro. Ved sørveggen fekk då lærarane ha kateteret utan at fuglane i lufta kikka dei over skuldra.

I hjørnet til høgre stod orgelet som blei brukt til opningssongen kvar morgon. Hansson las og frå ei andaktsbok med ei lita fortelling kvar dag. I alle høve den stunda sat vi i ro, to og to på kvar pult.

Hadde nesten glømt "lærarværelset" som ein kunne gå inn til frå skolestua. Dette romet vende opp mot vegen. Der var vindu og masse bøker opp etter veggene og ein del utstyr til bruk i fysikk- og kjemiundervisninga. Dette var før elektrisiteten kom slik at romet var uoppvarma. Så eg trur ikkje det var mykje i bruk, det måtte i tilfelle vere i våre friminutt at læraren brukte det.

Handgjerninga hadde vi ein gong i året - i tre veker - på skolen, men første året i "storskolen" hadde vi handgjerninga i stua hos Ragnfrid og Jørgen Jørgensen på Sørmela.

Jørgen og Ragnfrid Jørgensen holdt husrom til handgjerninga. Foto utlånt av Eli Nordjord Hætta. (Klikk for større bilde).

 

 

Dei to siste skoleåra var eg på Nøss, fordi vi berre var to jenter på Åknes. Eg vil tru at skolen blei brukt til sløydlokale og utan at eg er sikker på det.

Skolebarnsundersøkingane gjekk og føre seg på skolen, men sidan skolen ikkje var i bruk som skole under krigen, hugsa eg best den første eg var med på og det var i "Raskastua" sør i gården. Det huset overtok Arne Lund med familie seinare. Det var 1. klassen som heldt til i det huset ei tid og Tuppa Kleppe frå Bjørnskinn var lærar. Dette måtte vere om våren 1944.

Skolen blei og brukt til møter. Frelsesarmeen og predikantar kom med vekkelse og fin musikk. Musikk og song var populært hos både vaksne og born, og dei møtte mannjamnt opp. Meiner og det var andre møte der, skolestyre-, jordstyre-, fiskarlag m.m. Det hende og at to damer slo seg saman og hadde sanitetsforening på skolen i staden for heime som var det vanlege. Då det var fiskarlagstemne på Åknes (i 1949 eller -50) var både skole og ungdomshus i bruk. Alt i alt blei skolen godt utnytta, særleg dei første åra etter krigen.

 

Tilbake til skolen                 Tilbake til startsiden            Tilbake til "gammelt"